Å be for lækje

Stavanger Aftenblad skriv om at IMI-kyrkja i Stavanger ba konfirmantane sine om å be for lækje. Saken er referert i fleire medium, og heldigvis har reaksjonane stort sett vore av slaget som synes at dette er feil. Svaret som Martin Cave, pastor i IMI Kyrkja, og Halvor Lindal, daglig leder i Impuls, kjem med, prøvar å roe det ned eit par hakk, men langt i frå godt nok.

Folk må be så mykje som mogleg om dei ynskjer det, men ved å lære at ein kan lækje med å be, kan ble farlig. What’s the harm har ein liste over 34 personar som har blitt skada og/eller drepen som fylgje av “Faith healing“, og eg vil tru at lista er langt frå utfyllande.

Å tru at bønn kan lækja er ikkje farleg per se. Men når denne trua går over til ein erstatning av ordinære, bevist fungerande lækjemidlar, då blir det skummelt. Det er nok forvirring innan lækjemidlar; la medisin vere medisin, og bønn vere bønn.

(Audhild Skoglund har i denne forbinding eit lengre og svært bra innlegg om dette på Humanist. Anbefalast!)

This entry was posted in Livssyn og religion, Meninger and tagged , , , . Bookmark the permalink.