Om tenkjaren

Hei!

Eg er Dan-Raoul  Husebø Miranda, og er den fyren som legg frå meg tankar og meiningar i denne tanken her. For å gjere det enkelt, kan eg sei at eg er 1990-modell, type Sandnesgauk, født i Stavanger, og oppvaksen i Bergen, Stavanger og Sandnes.

Eg er over gjennomsnittet av over gjennomsnittet interessert i fotografi, og klarar nesten og leve med mitt Canon Rebel XTi (400D i Europa), tre-fire linser med litt forskjellige spesifikasjonar samt et 1000F N for film-foto. Noe bildar kan ses på Flickr, Picasa og DeviantArt-lenkjene til høgre. Forhåpentlegvis får eg tid til å oppdatere noko der au, men me får sjå.

Eg er også PC-nerd, og er generelt sett interessert i det meste av teknologi, vitskap (populærvitskap og biologi er fantastisk!), og internett i seg sjølv (Hey, eg klarte å namngje ein fantastisk bok om sosiale medium av Ida Jackson!). Eg er stor fan av Linux og brukar ein Google Android Developer Phone 1, med CyanogenMod custom ROM på til vanleg. For å gjere meg meir nerd enn strengt tatt nødvendig, så skriver eg dette touch med DVORAK-tastatur.

Livssyn og religion er også ein viktig del av kvardagen min, og sikkert ein av grunnene til at du er kommen her. Eg er humanist (Den grundige, kjedelige, men korte definisjonen), og ateist, og har visst på ein eller annen måte prestert å bli velt til leiar av Humanistisk Ungdom. Eg hadde det vervet på fulltid fram til 1. juli 2011, når eg diverre måtte gå av.

At eg er fotograf er også min (veldig gode) unnskyldning på min manglende evne til å noensinne se bra ut på bilete: Eg skal vere bak kamera, ikkje framfor. Det passer dessverre ikkje så bra med min evne til å si det eg meiner. Det vil elles forklare den manglende mengden bilete av meg sjølv både her og andre steder.

Er det noko du lurar på, er det bare å ta kontakt. Du vil finne meg på Andleteboka,  Kvitringa, Plussinga, og sikkert mange andre steder også. Du kan nok au finne meg på e-post.

Legg att eit svar