Svar til FrPs utspel om “Skole for alle”

Kjære FrP, v/ kirkepolitisk talskvinne Bente Thorsen,

Humanistisk Ungdom (HU)  ser med undring på meldinga dykk har gått ut med på dykkas heimeside (http://www.frp.no/Mener+humanetikerne+hundser+kristendommen.d25-Tw7rS5M.ips), og ynskjer med dette å komme med eit par kommentarar til meldinga.

Humanistisk Ungdom har aldri oppfordra elevar til å sove under julegudstenesten. Ei heller under skulegudstenester, som kampanjen handlar om. Dette er fakta FrP lett kunne sjekka opp, før dei kom med slike bastante uttalingar som dei gjer her. Vårt Land, som først skreiv dette på laurdag, unnskyldte seg sjølv på måndag. Fædrelandsvennen skreiv det på måndag. NTB kom au ut med ein ny melding laurdag ettermiddag, kor dei retta opp i den feilaktige meldinga dei sendte ut tidligare.

HU er fullt klar over at gudstenester ikkje skal skje i forbinding med skuleavslutningar. Det me no aksjonerar mot, er at dette er noko som ennå skjer mange stedar i landet. HU (og Human-Etisk Forbund) mottar årleg ein stor mengde irriterte og frustrerte meldingar om skular som gjer dette, noko som gjer at me nok ein gong ynskjer å sette fokus på det.

Det er au eit poeng at fleire skular ikkje har eit skikkeleg alternativ til dei som vel å ikkje gå i kyrkja. Det skal vere eit verdig alternativ, noko som vil sei at det ikkje held å setta elevar til å plukka søppel, vaske klasserom eller gjør ekstra matteoppgåver. HU har mange dokumenterte tilfelle av særs dårlige (eller ikkjeeksisterande) tilbod. Mange finn man på våre nettsider (http://humanistiskungdom.no/templates/PageRedesign____8347.aspx), men langt i frå alle.

Thorsen nemnar også at ho oppfattar kampanjen som ein kamp mot kristendommen, noko me ikkje heilt klarer å skjønne kor det kjem frå. Denne kampanjen går spesifikt inn på skular og deiras praksis med å segregera elevar på bakgrunn av tru og livssyn. Den har ikkje noko mot verken kristendom eller nokon anna religion.

HU stussar på at Thorsen au forsvarar handlinga med julegudsteneste i skuletida med å si at det oppfattast meir som ein tradisjon enn ein religiøs handling. Vel er juletida høgtid for Kristusmessar i heila Noreg, men enno er det 85 % (tal frå Kirkeforskning)av befolkninga som ikkje går i kyrkja på julaftan. Sjølvsagt skal man ha respekt for begge delar, men det er ikkje skulens ansvar å tilby forkynning av eit mindretalsbodskap til fleirtalet…

Til slutt; Namnet er Humanistisk Ungdom. På alle pressemeldingar og liknande som har sirkulert rundt denne kampanjen har det stått Humanistisk Ungdom, og HU stillar seg undrande til at eit Stortingsparti som FrP ikkje klarar å få noko så grunnleggande som namnet rett…

Med vennleg helsing,
Dan-Raoul Husebø Miranda
Leiar, Humanistisk Ungdom

This entry was posted in Livssyn og religion, Meninger, Organisasjonsliv, Politikk and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.
  • Pingback: Tweets that mention Svar til FrPs utspel om “Skole for alle” | Tanketank -- Topsy.com()

  • http://kristofferst@gmail.com Kristoffer Stokkeland

    Eehm, fail av FRPs kirkepolitiske talskvinne. Forøvrig mener jeg og på at HEF og HU har vært negative til skolegudstjenester ca lenge. Og vist noe er den nåværende aksjonen mer i tråd med det humanistiske livssynet enn tidligere aksjoner..
    (fra min Like Comment på Facebook)

  • Johan

    Jeg liker at du i svaret til FrP legger vekt på de historiene dere får fra elever. Jeg vil oppfordre HU til å fokusere enda mer på dette i fremtidige kampanjer. Gjennom mange års diskusjoner om statskirke, KRL-fag og skolegudstjenester har jeg ofte fått inntrykk av at mange er enig med HEF i prinsippene, men nekter å ta inn over seg at prinsippene blir brutt. Særlig har jeg inntrykk av at mange synsere og meningsdannere fra Oslo har lite kunnskap om virkeligheten på skoler utenfor hovedstaden.

    (Og det samme gjelder forøvrig også andre former for diskrimering – det “enkleste” er gjerne å lukke øynene for hvordan minoriteter faktisk blir behandlet.)

    Thorsen understreker at “skolene plikter å ha alternativt arrangement for dem som ikke ønsker å delta”. Da er det naturlig å spørre: Vil FrP ta initiativ til tiltak for å kontrollere at skoler overholder denne plikten? Det er jo en smule ironisk at lov-og-orden-partiet FrP tilsynelatende reagerer mer på at HU retter søkelyset på lovbrudd, enn på lovbruddene i seg selv.

    Ellers gjentar FrP et mønster vi kan se i mange andre debatter om kristendommens plass i samfunnet: HUs aksjon retter seg mot diskriminering og ekskludering. FrP svarer med å kalle det hundsing av kristendommen. Den naturlige tolkningen er at FrP mener diskriminering av ikke-kristne er en del av kristendommen.

    Stå på. Ikke bli like satt og passiv som mororganisasjonen deres!