Skule for alle – uansett tru eller tvil!

Sokneprest Tom Olaf Josephsen (Nøtterøy, Teie og Torød) skreiv tysdag 21. juni eit innlegg for skulegudsteneste, der han kallar alle menneske religiøse. Det byr meg sterkt imot.

Josephsen skriv at:
”Tanken som ligger bak skolegudstjenester, er derimot at alle vi mennesker er religiøse i den forstand at vi har evnen til å tenke tanken «gud», evnen til å stille spørsmålet om det finnes en gud. Videre at vi har en dyp trang i oss til å søke denne guddom – og at skolegudstjenester kan gi bistand i dette. I stedet for å fortrenge dype behov, kan barn gjennom skolegudstjenester erfare en måte å søke denne guddom på.”

Her tar han med seg meg og alle andre på noko eg ikkje vil vere med på. Å tenkje tanken gud, å stille spørsmålet om det finnes ein gud, er på ingen måte teikn på religiøsitet. I beste fall er det filosofisk og menneskeleg, og det blir feil å ta alle inn under eit ynskje om å søkje etter guddom. Å ikkje tilby skulegudsteneste er ikkje å fortrenge behov, det er å ikkje tilby noko som ikkje høyrar heime i skulen.

Og kor høyrar det heime, då? Vel, Den norske kyrkja (Dnk) får årleg over 175 millionar til trusopplæring. Direkte frå statsbudsjettet. Det burde vore nok til trusopplæring og gudstenester (som blir støtta utanfor dette), utan å tvinge det inn i skuletida.

Det bør sjølvsagt, som påpeikt, vere gode eksempel for korleis barn kan uttrykka religiøse og livssynsmessige behov. At det derimot er snakk om årlig skulegudsteneste bler derimot i overkant mykje lik religionsutøving, spesielt når det som oftast bare er snakk om evangelisk-lutherske gudstenester. Er det verkeleg bare evangelisk-lutherske kristne i den norske skulen? Burde ein i kvart fall opne for å besøke andre, som jødane, muslimane, hinduane, sikhane, humanistane, mormonane, katolikkane og så vidare? Josephsen vil vel ta med elevane på bøn og tilbeding her også, då? Eg går ut i frå at Josephsen ikkje meinar at det er berre gjennom evangelisk-luthersk skulegudsteneste ein kan ”lære eller vise barna sunn og ansvarlig trosoutøvelse – utan at det dreier seg om full trosopplæring”.

Det er sant at det er kyrkja som inviterar til frivillig skulegudsteneste. Men det krev aktiv avmelding, det at det skjer i skuletida og kallast ”skulegudsteneste. Det gjer eit preg av obligatorisk deltaking, eller at ein må sitte igjen på skulen med eit anna opplegg. Humanistisk Ungdom har høyrt fleire som har fått beskjed om stryk, vasking av klasserom, søppelplukking, stilskriving om skulegudsteneste  som alternativ til å vere med i kyrkja. Det er straff, og sjølvsagt går fleirtalet i kyrkja då.

Det blir vist til grunnlov, opplæringslov og oppslutting i Dnk som argument for å tvihalde på ritualet med skulegudstenester; Det Josephsen ikkje nemnar er fallande oppslutting i Dnk, ein tidligare dom mot KRL-faget som kritiserte kristendommens særstilling, og faktiske tal for religiøse i Noreg. Ferske tal frå SSB viser at sida 2000 har Dnk gått frå 86,3 til 78 prosent oppslutting og at nordmenn er innom 1.1 gudsteneste i året (skulegudstenester står for 20 prosent av kyrkegjengarane!). 43 prosent av befolkninga har ikkje personlig gudstru (jfr. ”Religion i dagens Norge”, 2010). Det er au rart at soknepresten vel å ikkje ta omsyn med dei 22 prosentane av befolkninga som ikkje er med i Dnk: Skal liksom ikkje dei bli tatt omsyn til, berre fordi ein påstått majoritet meiner noko anna?

Eg lurar au på kva stråmann han prøvar å byggja opp om religiøse i Noreg og i norske skular når han visar til nokon ”religiøse behov som tas ut på usunt vis: Overgrep, mishandling, krig”? Eg syns det er forkasteleg å presentera dette som religiøse behov. Og når det skrivast i denne samanhengen, verkar det som om dette utelukkande er konsekvensar av å ikkje gå i skulegudstenest. Eg har enda har til gjengjeld å møte nokon som har slike haldningar utan å ha hatt skulegudstenester: snarare tvert imot…

Eg lurar på kva som er så vanskeleg med å halde religion og livssyn på eit personlig plan i skulen, og håpar at me kan sleppe å dele opp elevar etter tru og livssyn frå no av. Sjølvsagt skal me læra om religion og livssyn i skulen. Men det bler feil at skulen skal ta med elevane religionsuttøving. Kan me ikkje heller vere saman på skulen, og gå på gudsteneste, bønn eller kva no det skal vere utanom skulen?

Ja til ein skule for alle – uansett tru eller tvil!

Dan-Raoul Husebø Miranda
Tidligare leiar i Humanistisk Ungdom