Ekskludering som tradisjon

Det er sjeldan eg bler skikkelig forbanna. Likevel, når no stakkars Kråkstad skule er ute igjen, kan eg ikkje la vere.
(Diskusjonane ved Kråkstad har vore oppe tidligare. Tydeligvis utan noko nytte.)

Forslaget som ligg er at 17.-maitoget skal gå innom Kråkstad kyrkje for ein halvtimes gudsteneste, før det går vidare på sin tur. Dei som ikkje vil vere med på gudstenesta, kan vente utanfor.

Her er det fleire moment som provoserer. Det største er at ein religiøs handling, om enn for eit fleirtal, skal arrangerast på 17.-mai. Grunnlovsdagen. Den dagen som skal samla og feirast i fellesskap, og så skal det vere prega av et religiøst rituale, som ikkje berre er totalt irrelevant for feiringa, men også lite samlande.

For all del; dei som ynskjer kan gjerne ha ein gudsteneste på 17. mai. Samtidig som toget og, viss det skulle vere ynskjeleg. Men når barnetoget skal innom for gudsteneste, då blir det feil. Om enn kor lite bevisst det er, eller uansett kor lang den tradisjonen har vore, så er det feil. Som Den norske kyrkje skriv på sine nettsider, så  er ei gudsteneste (bl.a.) ein tilbeding av den kristne Gud og Jesus. Uansett kor hyggelig ein kallar det, så vil ein med ein slik gudsteneste assimilere alle som ikkje vedgår seg til den evangelisk-lutherske kyrkje.

Det er også svært trist at det hele oversjåast med eit likegyldig utsegn frå den sentrale 17.mai-komiteen i Ski som fråskriv seg ansvar:

«– Det har jeg egentlig ikke noe synspunkt på, men der er det jo opplagt en flott mulighet for HEF til å finne på et eget opplegg»

Dette kom Aksel G. Roksti, leiar for den sentrale 17.-maikomitéen i Ski, som forsvar på kva dei som ikkje skal vere i kyrkja skal finne på. I og med at skular har eit ganske tett band med barnetoget, vil det vere rimeleg å tenkje at dette er noko som skjer i skuletida. Då skal dei fylgja retningslinja som er sette ned i rundskrivet frå Utdanningdirektoratet i forbinding med skulegudstenester (PDF). I rundskrivet slår ein fast:

«at skolen har sørget for ikke-diskriminerende fritaksordninger eller
alternativer som er gode for dem som melder fritak»

Dette vil sei at det er skulen som skal komme med alternativet. Ikkje Humanistisk Ungdom, ikkje Human-Etisk Forbund, ikkje Muslimsk Råd. Det ville au vere segregerande. Det er skulen som har ansvar. At det ikkje tas ansvar for det, og i staden kastar ballen til ein tredjepart er mildt sagt forkasteleg.

Men det er greitt. Eg vel å ta godaste Roksti på ordet. Viss dei absolutt fortsett vil drive på med segregering og assimilering, så vil eg i kvart fall at dei som bler segregert skal ha det greitt, og stillar dermed opp for dei som ikkje får eit tilbod. Om ingen andre vil ta sitt ansvar og tilby dei eit verdig alternativ, så vil vel eg gjer det.

Dan-Raoul Husebø Miranda,
Avtroppande leiar, Humanistisk Ungdom

Me lærar for mykje etikk

… og for mykje om andre religionar enn kristendom. I kvart fall er det det ein del foreldre på Sørlandet no tek til orde for. Dette var verkeleg dei rette personane til å klage…

La oss starte med det første først; Folk veit ganske mykje om kristendommen.  Det er noko dei fleste har eit forhold til i Noreg, og alle har hørt ein bibelhistorie og to. At ikkje alle har utfyllande kunnskap om kva Paulus sa om det eine, og korleis det gikk med Judas (Spoiler; han døde. På fleire vis, i same bibel.) er ikkje den norske skule sitt ansvar. Det er trusopplæring, noko den norske kyrkje får kr. 177 870 000 (jfr. Statsbudsjettet 2011 (PDF), s. 151, kap. 1590, post 75) til å gjennomføre. Eg gjentar, 177,9 millionar kronar. Til trusopplæring. Viss ein ser dette i samanheng med kva grunnopplæringa får (s. 118 – 119, kap. 220-230), så merkar ein kor mykje ein burde klare å få ut frå disse midlane.

Likevel, så skal dette inn i skulen, under Religion, Livssyn og Etikk (RLE), og ta plass frå andre religionar (som er under mykje nok stigma og xenofobi allereie (t.d. islam nasjonalt, ateisme på Sørlandet.)) og etikk, noe mange klagar på at samfunnet manglar i sakar som t.d. abort, sex, rus.

(Eg vart freista til å dra tråden mellom abortmotstandare og disse foreldra som det er snakk om som ein stygg generalisering, men skal vere snill.)

Det er sjølvklart at evangelisk-luthersk (og tidligare katolsk) kristendom har ein spesiell plass i det norske samfunn. Det blei tross alt pressa på oss gjennom 900 år, og det er først de siste ca. 150 årene (jfr. Storsamfunnets prinsipper, Bente Sandvig i Humanist) me har hatt livssynsfridom. Likevel; Foreldra grunar i korleis det har noko å sei for utviklinga til Noreg i dag, som for all del er relevant. Men med det, stadfestast kristendomens posisjon i faget Samfunnsfag (Hovudområde: Historie); ikkje i RLE.

Kristendom skal, som den markant største religionen i Noreg, ha størst del i RLE. Men, om så det er ein overlapping, så skal ikkje RLE vere Historie. La RLE vere RLE, og Historie vere Historie.

Me treng ikkje prosentmessig  utrekning på tal timar med kristendom eller andre, og, personlig, trur eg dette er ein hensiktmessig løysning for kristendom i RLE. Eg trur, og har opplevd, at det heller er omvendt tilfelle som er eit problem; det bli vektlagt for mykje tid på kristendom, og for lite tid til andre religionar og livssyn. Ta humanisme, t.d., i Noreg forankra i Human-Etisk Forbund. Humanisme (/human-etikk) er ofte via generøse to sider i lærebøkene. (Fritt etter anekdotiske bevis frå frittgåande medlemmar av Humanistisk Ungdom. Bevis meg gjerne feil.) Human-Etisk Forbund er elles kjent som det største livssynssamfunnet utanfor Den norske kyrkje i Noreg, og ca. 80 000 er medlem.

(Dette er ikkje noko eg har tal på, men skal det gjerast ein endring, så skadar det ikkje å ta ein lita undersøking på det, før ein går tilbake til noko som ikkje nødvendigvis er betre!)

Når alt dette er sagt, så er, i tillegg, RLE det same faget som KRL (jfr. «Fra KRL til RLE – hvilken forskjell gjør da det?«).  Det har skifta namn, endra på eit par læreplansmål, og litt i samansettinga i faget. Men dei store endringane uteblir, og det er heller ikkje noko krav, eller pengar, til nye lærebøker i faget, slik at læringsgrunnlaget bler det same.

Skal noko endrast i faget RLE, vil eg slå eit slag for etikk. For det er noko det norske samfunn tydeligvis treng.