Ekskludering som tradisjon

Det er sjeldan eg bler skikkelig forbanna. Likevel, når no stakkars Kråkstad skule er ute igjen, kan eg ikkje la vere.
(Diskusjonane ved Kråkstad har vore oppe tidligare. Tydeligvis utan noko nytte.)

Forslaget som ligg er at 17.-maitoget skal gå innom Kråkstad kyrkje for ein halvtimes gudsteneste, før det går vidare på sin tur. Dei som ikkje vil vere med på gudstenesta, kan vente utanfor.

Her er det fleire moment som provoserer. Det største er at ein religiøs handling, om enn for eit fleirtal, skal arrangerast på 17.-mai. Grunnlovsdagen. Den dagen som skal samla og feirast i fellesskap, og så skal det vere prega av et religiøst rituale, som ikkje berre er totalt irrelevant for feiringa, men også lite samlande.

For all del; dei som ynskjer kan gjerne ha ein gudsteneste på 17. mai. Samtidig som toget og, viss det skulle vere ynskjeleg. Men når barnetoget skal innom for gudsteneste, då blir det feil. Om enn kor lite bevisst det er, eller uansett kor lang den tradisjonen har vore, så er det feil. Som Den norske kyrkje skriv på sine nettsider, så  er ei gudsteneste (bl.a.) ein tilbeding av den kristne Gud og Jesus. Uansett kor hyggelig ein kallar det, så vil ein med ein slik gudsteneste assimilere alle som ikkje vedgår seg til den evangelisk-lutherske kyrkje.

Det er også svært trist at det hele oversjåast med eit likegyldig utsegn frå den sentrale 17.mai-komiteen i Ski som fråskriv seg ansvar:

«– Det har jeg egentlig ikke noe synspunkt på, men der er det jo opplagt en flott mulighet for HEF til å finne på et eget opplegg»

Dette kom Aksel G. Roksti, leiar for den sentrale 17.-maikomitéen i Ski, som forsvar på kva dei som ikkje skal vere i kyrkja skal finne på. I og med at skular har eit ganske tett band med barnetoget, vil det vere rimeleg å tenkje at dette er noko som skjer i skuletida. Då skal dei fylgja retningslinja som er sette ned i rundskrivet frå Utdanningdirektoratet i forbinding med skulegudstenester (PDF). I rundskrivet slår ein fast:

«at skolen har sørget for ikke-diskriminerende fritaksordninger eller
alternativer som er gode for dem som melder fritak»

Dette vil sei at det er skulen som skal komme med alternativet. Ikkje Humanistisk Ungdom, ikkje Human-Etisk Forbund, ikkje Muslimsk Råd. Det ville au vere segregerande. Det er skulen som har ansvar. At det ikkje tas ansvar for det, og i staden kastar ballen til ein tredjepart er mildt sagt forkasteleg.

Men det er greitt. Eg vel å ta godaste Roksti på ordet. Viss dei absolutt fortsett vil drive på med segregering og assimilering, så vil eg i kvart fall at dei som bler segregert skal ha det greitt, og stillar dermed opp for dei som ikkje får eit tilbod. Om ingen andre vil ta sitt ansvar og tilby dei eit verdig alternativ, så vil vel eg gjer det.

Dan-Raoul Husebø Miranda,
Avtroppande leiar, Humanistisk Ungdom